Verksemder som ønskjer å servere alkoholholdig drikk, må søke kommunen om skjenkeløyve.
Endringar i løyve kan skje for eksempel ved skifte av styrer og reservestyrar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemd. Ny verksemd kan likevel fortsette på det tidlegare løyvet i inntil tre månadar. Føresetnaden er at kommunen er gjort merksam på dette, og at det vert søkt om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.
Løyvet kan gjelde
- Gruppe 1: Alkoholholdig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høyst 4,7 volumprosent alkohol
- Gruppe 2: Alkoholholdig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent
- Gruppe 3: All alkoholholdig drikk
Målgruppe
Skjenkeløyve kan søkast av verksemder som ønskjer å drive sal av alkoholholdig drikk for drikking på staden (skjenking).
Kriterium/vilkår
Skjenkeløyve kan ikkje gjevast åleine, det må også føreligge eit serveringsløyve. Løyvesøkar og personar som har vesentlig innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderlig vandel.
For kvart løyve skal det utpeikast ein styrer med reservestyrar knytt til serveringsstaden. Styrar og reservestyrar må begge ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år og arbeide i verksemda. Dei må oppfylle krava som er sett i alkoholloven (og serveringslova).
Etablerarprøva
Alle som vil verte godkjent som dagleg leiar/styrar ved stadar som har, eller skal søke om skjenkeløyve/serveringsløyve, må ha avlagt og bestått etablerarprøva.
Pris for tenesta
Alle som innehar skjenkeløyve skal kvart år betale et gebyr til kommunen, jfr. alkoholloven § 1-7. Gebyret skal reknast på grunnlag av omsett mengde alkoholholdig drikk
Alkoholpolitiske retningsliner Stranda kommune
Regelverk
Lov om omsetjing av alkoholhaldig drikk (alkohollova)
Lov om serveringsverksemd (Serveringslova)
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltingslova)
Handbok i alkohollova (Helsedirektoratet)
Forskrift om omsetnad av alkoholhaldig drikk (Alkoholforskrifta)